Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur innover Røyskattvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. oktober 2017

Måndag 30. oktober går Kløverturen frå Heggøyå, over Romåbrua og innover etter Røyskattvegen. Turen går etter grei skogsveg, og det er ikkje bratt. Her kan ein gå i eige tempo og så langt som det passar den enkelte.

Oppmøte ved Halsbua kl. 11.00, derifrå blir det samkjøring innover til Heggøyan.

Alle er velkomne til å bli med ut og gå!

Det er kjekt å gå på tur i lag! Her er eit bilete frå Kløverturen måndag 23. oktober. Turgjengen er fotografert oppe på Brandhaugen ute i liene på Nordvik.

Fremst frå venstre: Åse V R, Sigrun, Karen Johanne. Bak frå venstre: Ingrid R, Ingunn, Ingrid N, Jorunn H, Eli, Åse Ø, Maria, Ester Karin, Synnøve, Anne Mari, Dordi V H, Torgunn, Elen, Dordi F. Foto: Dordi J H

Publisert: 29. oktober 2017, 00:19