Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur innover Ramsøydalane, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 24. februar 2019

Måndag 25. februar blir det Kløvertur innover Ramsøydalane. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11.00. Samkjøring oppover til Bakkan i Halagrenda der det blir parkering ved garasjen. Grusvegane er våte og litt blaute no, så det er lurt med gode sko.

Turruta blir frå Bakkgarasjen innover mot Ramsøya og Heggøyan. Derifrå kan ein enten gå same vegen tilbake eller gå over Hengebrua og ut att på sørsida mot Bruset. Alle treng ikkje å gå like langt, ein kan snu når det passar.

YR lovar berre så passeleg ver, så det ligg an til at eventuell kaffepause blir på Hals.

VEL MØTT TIL TRIMTUR – DET ER GODT Å KOMA UT I ALL SLAGS VER!

Publisert: 24. februar 2019, 00:00