Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Toåa tursti.

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. november 2018

Siste Kløverturen i 2018 gjekk etter Toåa tursti. Det vil seia at kløverturgjengen starta frå Halsbua og gjekk nedom fabrikken, forbi Bordholmen og vidare til Halsabrua før vi tok inn på stien langs elva. Det vart pause i Gunnøya – sjølvsagt skreiv alle namn i turboka. Vidare gjekk turen oppover langs elva, forbi Båthølen og Tømmermelhølen og over ekra til vegen. Dette blir ei riktig kjekk turrute når Toåa tursti blir ferdig.

Ved Båthølen. Foto: Dordi J H

Da er det sett endeleg punktum for Kløverturane dette året. I alt vart det 31 turar, vi har vore innom om lag 20 ulike turmål. Brattaste turen var til Haukarsteinen, og turen lengst heimanfrå vart Øygardshalsen ovanfor skianlegget på Vang. Det har vore turar både i godt og dårleg ver, men så langt er ikkje ein einaste tur avlyst!

Litt hinder i vegen gjer berre godt! Her er arbeidet i gang for å få til tursti. Foto: Dordi J H

Kløvertur er ein av basisaktivitetane til Norske Kvinners sanitetsforening og skal vere med å fremje folkehelsa og skape trivsel. Erfaringa med Kløverturane i Todalen er at det er eit tiltak som blir sett pris på. Det er ei fin anledning til å kome seg ut, og at å gå tur i lag er kjekt og sosialt.

No er det Kløverturpause fram til starten av februar 2019.

Kaffelag på Hals i dag:

Godt med kaffe etter tur! Frå venstre: Arndis, Eli, Mari, Dordi, Jorunn, Åse. Foto: Dordi J H

Rundt bordet frå venstre: Marit, Synnøve, Jean og Sigrun. Foto: Dordi J H

Frå venstre: Jorunn, Marit, Synnøve, Eli, Mari, Arndis, Jean, Kari, Åse, Helga, Dordi, Sigrun. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 12. november 2018, 17:10