Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i nydeleg haustver

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. oktober 2017

Kløverturen måndag 9. oktober gjekk frå Forsamlingshuset på Nordvik og opp til Nordviksetrene. Sol frå skyfri himmel, klår haustluft og vindstille – flott turver!

Nordvikgardingane har vore flinke til å setje opp namneskilt; kjøle kjekt. Frå venstre Elen, Marit og Åse Ø. Foto: Berit Kårvatn.

Fjella er høge og sola står lågt, så det var skugge da vi gjekk oppover Blomlivegen, men slik er det når det lir utpå hausten. Sjølv om motbakkane var lange og dryge, så gjekk praten livleg og alle kom opp til setrene, og der skein sola. Nordviksetrene ligg fint til med utsikt både mot fjord og fjell. På seterstølen ligg det fire ærverdige seterskjel som høyrer til Nistua, Bortistua, Gammelstua og Oppistua.

Vi kosa oss i sola. Foto: Dordi J H

På dagens tur var det med fire turgåarar frå Nordvik – både kjøle kjekt og triveleg å ha med «kjentmenn»! Etter kvart samlast vi framfor hytta til Ingrid og Jan, og her vart det sitjeplassar til alle dei 19 turdeltakarane. Matpausen vart lang da det var så fint å sitje i solveggen. Vi var heldige som fekk så fin ein turdag!

Arndis, Marit, Berit, Sigrun, Åse Ø og Marie nyt sola. Foto: Dordi J H

Godt med mat. Frå venstre Dordi, Anna Ingeborg, Karen Johanne, Åse Johanne, Jorunn og Ingunn. Foto: Dordi J H

Neste måndag er det sjølvsagt ny Kløvertur. Viss sola skin, blir det ny tur på Nordvik, da i skogsvegane i retning Åsbøsnyta, men ved regn blir det tur i nærmiljøet.

Det er mange som er med og går Kløvertur, men nye turgåarar er alltid velkomne!

Nysnø oppi Ytter Sulå. Foto: Dordi J H

På tur ned att Blomlivegen. Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 9. oktober 2017, 22:45