Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i flott vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. februar 2018

Etter langt eit opphald med julehelg og «mørketid» er det på nytt tid for Kløverturar i regi av Sanitetsforeninga i Todalen. Måndag 19. februar gjekk tur nummer to i 2018 av stabelen.

Kjekt å gå tur i lag! Frå venstre: Sigrun, Helen, Dordi V T, Karen Johanne, Berit, Dordi F, Jorunn H, Åse, Jorunn Ø. Foto: Dordi J H

Veret var flott; ein nydeleg vinterdag med sol frå skyfri himmel! Men sola er låg og fjella høge, så det vart både sol og skugge på trimmarane i dag.

Turen starta ved Ungdomshuset og gjekk etter god skogsveg langt oppover lia – riktig fint og lett å gå. Praten gjekk livleg, og etter turen var det samling i Kaffekroken på Halsbua; godt med varm drikke etter tur i kaldt ver.

Fint oppi Øyalia. Sigrun er ivrig turgåar. Rambjøra i bakgrunnen. Foto: Dordi J H

Neste måndag er det ny Kløvertur. Viss sola skin, kjører vi til Nordvik og går utover Haltbakkvegen. Men er det dårleg ver, blir det tur i nærmiljøet på Kvennset. Følg med på kalenderen til todalen.no.

Når det er kaldt ut, er det kjekt å avslutte med kaffepause inne i Kaffekroken. Foto: Dordi J H

Publisert: 19. februar 2018, 19:20