Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur etter Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. september 2019

Sanitetsforeninga melder at det blir Kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Trimturen vil gå etter Toåa tursti. Der er det no anleggsarbeid, men turstien vart prøvegått laurdag, og det er fint å gå der sjølv om det er arbeid på gang. Det er interessant og spennande å følgje med i arbeidet med prosjektet og å sjå korleis turstien tek form. Dette er ein enkel tur utan bratte bakkar, og ein kan gå så langt eller kort det passar for den enkelte og sjølvsagt i eige tempo.

Det blir matpause i gapahuken i Gunnøya, så ta med mat og drikke. Yr melder godt ver!

Vel møtt til trim og sosialt samvær!

Publisert: 1. september 2019, 10:43