Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. september 2019

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 16. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!

Plana er å samkjøre til Todalsøra og gå utover i retning Ansneset. Her kan ein ta pause på Ansnessaga og eventuelt nyte matpakke. Yr melder ikkje det beste veret for måndag, men det ser ut til å bli pause i regnet ved 11-tida. Er det riktig dårleg ver, kan det bli tur med utgangspunkt frå Hals. Men det gjer godt å ta ein tur ut om veret er litt ruskåt, seiest det.

VEL MØTT!

Publisert: 15. september 2019, 09:30