Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juni 2021

I anledning at Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i år fyller 125 år, blir det arrangert ein Kløverstafett, der målet er at alle sanitetsforeningar over heile landet skal vere med. Kløverstafetten er eit lågterskeltilbod der lokalforeiningane saman, gjennom jubileumsåret, skal frakte ein stafettpinne frå sør til nord. Stafetten starta 1.mars på Svinesund, og skal ende si ferd i Tromsø, siste helga i september, der NKS skal ha sitt jubileumslandsmøte denne helga. Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni. 

Leiar i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, fortel at stafettpinnen vil koma til Todalen frå Straumsnes sanitetslag rundt klokka 9:30 torsdag føremiddag. Maren oppfordrar difor alle, som kan, til å møte opp på Talgø denne dagen, for å vere med på å ta imot stafettpinnen. Ta gjerne med flagg oppfordrar ho!

Etter at stafettpinnen er komen, kan dei som vil, bli med å gå ein kort trimtur via Hallsetbrua og oppover Toåa tursti til gapahuken i Båthølen. eller via Bruvollen og opp til gapahuken, etter eige ønske.

Barnehagen, FAU og nokre elevar frå skulen vil delta på Kløverstafetten på ruta via Hallsetbrua og oppover Toåa tursti. 

Ved gapahuken vil det bli servert frukt, yoghurt, vatn og kaffe, fortel Maren. Her vil det òg bli ei lita orientering om arbeidet Norske Kvinners Sanitetsforening driv med sentralt, og ikkje minst lokalt her i Todalen, gjennom Todalen Sanitetsforening. 

Hovudsatsingsområdet for NKS opp gjennom åra, og framleis, er psykisk helse for barn-/unge og eldre. Dei arbeider òg mykje med skjulte kvinnesjukdomar, der dei samarbeider tett med sentrale helsestyresmakter og helsevesenet for å synleggjera utfordringane.  

På ettermiddagen tek stafettpinnen turen vidare til Surnadal sanitetsforening. 

Publisert: 21. juni 2021, 21:30