Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverrusletur i strålande solskin

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. september 2017

Siste måndagen i september var det duka for ny Kløverrusletur. Sola skein frå skyfri himmel og det var ikkje ein gong vind på Kvennsetørå – ideelt turver!

Denne dagen var turen lagt i nærområdet til Sanitetshuset der vi hadde base. Oppmøtet var godt, og turdeltakarane fordelte seg på turar som passa kvar enkelt. Somme tok turen opp til trimboka oppå Løfta, andre tok ein tur innover skogsvegen og deretter ned til sjøen og «rullatorgruppa» gjekk rundt Kvennsetøran bustadfelt.

Fullt rundt langbordet framfor Todalen sanitetshus. Foto: Dordi J H

Etter kvart samla alle seg rundt langbordet på plattingen framfor Sanitetshuset, og her vart det stort kaffelag med god servering. Som vanleg bakels med graut, i tillegg vart hausten prisa med nydeleg eplekake. Praten gjekk livleg og det såg ut som alle treivst i godveret. Forresten så vart langbordet for kort, det måtte utvidast – kjøle triveleg!

Triveleg med kaffelag. Frå venstre: Kitty, Lisabet, Lovise, Ingrid, Karen Johanne og Dordi. Foto: Dordi J H

Oppmøtet både på Kløverturane og Kløverrusleturane er godt, det fortel vel at mange synest det er kjekt med uformelle møteplassar i bygda vår. I dag var det 25 rundt kaffebordet, men det er plass til fleire!

Det vart ikkje plass rundt langbordet, men det vart kaffe og bakels til alle. Frå venstre: Ester Karin, Ingrid og Ingunn. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 25. september 2017, 21:44