Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klare for Prisfest

Klare for Prisfest

Elinor Bolme Tysdag 15. oktober 2013

I dag er det akkurat 2 månader sidan den nyaste butikken i AMFI Surnadal åpna. Nesten kun av og med todalingar. Ingrid Pedersen tok sats og ordna sin eigen arbeidsplass med klesbutikken Wenju, etter at ho vart arbeidsledig da den tidlegare arbeidsplassen Mandarin gjekk konkurs. No, 2 månader og ein del spenning seinare, kan ho konstatere at det går over all forventning. Ho både driv og eig sitt eige foretak saman med sine to ansatte Mari Halset Dale og Kari Forslund, som deler på ei 50% stilling.

Ingrid forventar rimeleg stort trykk denne veka, sidan Amfisenteret no er pynta til haustens Prisfest. Ein felles kampanje som går over heile landet, for alle AMFI-profilerte senter. Også senterleiar Lorentz Sæther har forventningane til besøket denne veka, for dette kan bli ei av dei beste omsetningsvekene gjennom året, om butikkane har gode nok lokketilbud til kundane fortel han. -Vi håpar på ei økning mellom 3 og 5 % denne veka, i forhold til ei «normalveke».

Hos Ingrid og Wenju hadde akkurat nytt tilbehør ankommet butikken når underteikna var innom; smykker og klokker frå Windfeld i Danmark. -Så no kan ein få det meste her hos oss, lokkar Ingrid.

Dei fleste har kanskje allerede saumfart prisfestmagasinet som havna i postkassane i går. Om ikkje, kan du Sjå heile prisfestmagasinet her, eller gå inn på AMFI Surnadal si heimeside for ulike tilbud og konkurransar.

Først publisert: 15. oktober 2013, 04:00 - Sist oppdatert: 14. oktober 2013, 20:06