Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klar for «Vassækte jul»!

Klar for «Vassækte jul»!

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. desember 2012

Første framsyninga for julerevyen «Vassækte jul» er ferdig. Det var flott framsyning, der latteren satt laust hos dei 50-tals publikum som møtte til første framsyninga som starta kl 15. Det var ein god forestilling  med variert og lun humor, og sjølvsagt mykje song og musikk. Gode og sjølvskrevne songtekster, som sjølvsagt også hadde ein liten brodd innimellom. Aktørane gjorde ein god jobb på scena, og ikkje minst årets gjesteartist  Johnse Settem som hausta stor applaus for sin sagaforteljing.

Hovudframsyninga startar kl 21 i kveld. Det er enno ledige plassar, og dersom du ikkje alt har kjøpt billett får du kjøpt det ved inngangen i Ungdomshuset. Dørene opnar kl 20, for salgs av mat og drikke. Vi gler oss til hovudframsyninga i kveld, for det brukar alttid å være meir «trøkk» når aktørane har fått varma seg opp litt. God fornøyelse!

Publisert: 27. desember 2012, 18:53