Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klar beskjed frå ungdommane; ikkje kødd med klassane våre!

Elinor Bolme Måndag 8. april 2019

Eit 40-tals streikande 8. klassingar troppa i dag opp på kommunehuset på Skei med klar beskjed til administrasjonen; Ikkje ta frå oss ein klasse frå hausten. Vi vil ha alle tre! Bakgrunnen for det brennande engasjementet er at det før helga hadde komme fram i ein sms til foreldra på trinnet at dei tre klassane på 8. trinn ved Surndadal Ungdomsskule skulle reduserast til to. Og dette var dei berørte ungdomane slettes ikkje enige i. Dei var skuffa over at dei ikkje hadde fått teke del i avgjerda, og argumenta deira var både reflekterte og fornuftige for at dei skulle få fortsette med dagens ordning. 

Taktfaste rop frå ungdommane, som nok hadde forventa litt meir oppmerksomhet når dei ankom kommunehuset.

Frustrasjonen vart derfor tydeleg, da rådmann Knut Haugen kom ut til ungdommane og orienterte om saka frå admimnistrasjonen si side. Han forklarte at dette var innskjeringar som einingsleiar Bjørn Høivik hadde ansvaret for. – Ja, akkurat det sa Bjørn også! tordna elevane , men han sa at det var du som var ansvarleg. Knut tok seg derfor tid til å forklare om dei ulike budsjettprosessane for heile kommunen, og i dei ulike avdelingane. -Kvar einheit har sitt budsjett som dei MÅ rette seg etter for å få heile kommunen til å fungere, forklarte Knut. 

Ungdommane på si side hadde fleire gode argument på andre sider av kommuneøkonomien som kunne vore redusert slik at den tredje klassen kunne vore berga. Ny varmestue i alpinanlegget, unødig pynt på nyskulen og reduksjon i løn blant dei kommunalt ansatte kom som raske forslag frå dei samfunnsorienterte ungdommane.

Ungdommane var lydhøre, og argumenterte godt for sitt engasjement, noko rådmannen rosa dei for. -Det er dette som er demokrati, avslutta han før dei streikande vendte nasen mot Ungdomsskulen igjen og kanskje nok ein prat med einingsleiar Høivik.

Publisert: 8. april 2019, 17:27