Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kjør forsiktig!

Kjør forsiktig!

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. januar 2011

Regnvêret det siste døgnet har gjort vegane speilglatte og fleire plassar har det danna seg store dammar.  held du for stor fart er det lett å få seg ei overrasking og litt meir problem enn ein sett pris på. Fylkes og kommunevegane i Todalen er bra strødd, og det hjelper på. Men vegen frå Hauahyllå og inn til Skei er meir problematisk. Her er kraftige spor i vegbanen, og held du litt for stor fart kan det lett bli ein tur ut i periferien.

Det renn mykje vatn i spora og det er veldig lett å få sleng på slikt føre. Ein skal heller ikkje lita på at kantane held, så kjem du for langt ut på kanten kan ein lett bli dregen få ein ufrivillig tur utom vegbanen. Vårt råd er å sette ned farten og kjøre forsiktig!

Publisert: 22. januar 2011, 18:13