Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kjærkommen inntekt

Kjærkommen inntekt

Elinor Bolme Sundag 13. mai 2012

Torsdag kveld var ein gjeng 4H’arar ute og selde loddar til inntekt for 4H. Dei brukar ved desse kveldane å dele seg inn i to «lag», der det eine laget sel loodd, medan det andre laget er på skulen og lagar pizza til dei andre kjem att etter endt salgsrunde. Styret i Start 4H hadde på førehand satt opp arbeidsfordeling, slik at dei med matlaging som prosjekt var innomhus og kokkelerte. Her var det rådgjevarane Jon Olav Roaldset og Hanne Waag som held styringa. Dei utegåande loddselgarane for både med bil og med sykkeltransport rundt bygda for å selje lodda. Noko fråverande oppmøte gjorde at salget på Nordvikgarden vart utsett til seinare.

Under er nokre bilder frå kvelden. Foto Hanne Waag og Elinor Bolme

Publisert: 13. mai 2012, 19:55