Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kinoen tar absolutt ikkje vinterferie!

Steinar Hasselø Fredag 17. februar 2017

Sjølv om vêrmeldingane er «bob-bob», legg Surnadal kino opp til at alle skal få ein heidundrande vinterferie. Det er sett opp 18 heile framsyningar i løpet av ferieveka – og med ei spennvidde få kan matche!

Det er eit langt sprang frå legoleikar til det dei «leikar» seg med i «Fifty Shades Darker». Avstanden frå Okinawa til La La Land er formidabel. Og trioen som jaktar på Olavsskrinet er nok ikkje så utagerande valdsam som John Wick.

Oscar i La La Land

Det skal delast ut Oscar til dei som fortener det om ei stor veke. Og Surnadal kino har sett opp to kandidatar som absolutt fortener å bli sett pris på:

Mel Gibsons «Hacksaw Ridge» er den sanne historia om pasifisten som vart ein av dei største krigsheltane i USA. Filmen gjekk på kinoen i desember, men er sett opp på dagtid torsdag 23. og fredag 24. (kl. 13) da kinoen meiner dette er ein film som enno fleire må få med seg. Tilbakemeldingane frå publikum var i alle fall overveldande – sjølv om scenene frå slagmarka i Okinawa ikkje passar for dei blodfattige.

«La La Land» ligg an til å bli den store Oscar-vinnaren i år, med utrulege 14 nominasjonar. Filmen handlar om musikaren Sebastian (Ryan Gosling) og skuespelaren Mia som strevar med å slå gjennom i LA (Los Angeles) – i alle fall heilt til dei møter kvarandre. Filmen har premiere fredag 24. februar. Merk også at «La La Land» blir vist på dagtid (kl. 13) laurdag 25. februar.

Batman i Legoland

Dei yngre kan sjå fram til den nye Lego-filmen med Batman. «Lego-Batman-filmen er umiddelbart en fryd for øyet. Animasjonsarbeidet er intet mindre enn spektakulært», skriv NRK og terningen hamnar på 5. Aftenposten hamna på same tal og skriv: «Jeg hadde tenkt å markere hvor mange ganger sønnen min på straks ti år lo, men kom ut av tellingen fordi jeg selv lo ukontrollert gang på gang». Filmen blir vist for første gong laurdag 18. februar kl. 13.

I «TRIO – Jakten på Olavsskrinet» møter vi vennegjengen kjent fra NRK Super. Denne gongen er dei på spektakulær skattejakt både i Nidarosdomen og i vill natur. Dessverre er det fleire som er ute etter det same skrinet etter Olav den Heilage. Filmen, med aldersgrense ni år, har premiere fredag 17. februar (kl.18).

 

John Wick er i kinoland

Det hender at filmbyråa gjer ein brølar no og da. Det gjorde dei for eit par-tre år sia da dei ikkje sette opp filmen om leigemordaren John Wick (Keenau Reeves) på kino. Men dette var action som folk vil ha, og no er det i alle fall muleg å sjå «John Wick – Chapter 2» på kino. «Filmen har driv og suggererende rytme. Den er nydelig filmet. Scenene i Romas ruiner er en visuell nytelse. Selv om hele filmen er omtrent en eneste lang orgie i skytesekvenser og nærkamper, er det ikke kjedelig i et sekund», skriv Aftenposten.

Elles er det framleis noko på gang mellom Anastasia og Christian. «Fifty Shades Darker» går både fredag 17., onsdag 19. og søndag 22. februar.

 

Først publisert: 17. februar 2017, 05:39 - Sist oppdatert: 16. februar 2017, 23:47