Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kilian Jornet til topps i Dalalia – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. februar 2017

Det var vel ikkje noko stor overrasking at Kilian Jornet gikk til topp under dagens randoneecup på Kårvatn i Todalen. Med bestetida 1:16:56 kom han i mål 10 minutter før Håkon Klerud Johannesen, som kom inn på andre. I juniorklassen kan vi glede oss over at Sondre A. Svensli får det til å fungere igjen etter sjukdomsavbrekket.

Sondre Anderson Svensli – VM-klar og laurdag fann han att forma i Dalalia etter ein sjukdomsperiode heime på sofan. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Sondre er teken ut til VM, og var veldig glad for at kroppen no fungerer igjen. Han gikk inn på 1:14:47, men som junior hadde han ei sløyfe mindre til Tydalsnebba enn seniorklassen.  – Det var godt å kjenne at kroppen fungerte. Starta ut litt forsiktig, men fikk opp pulsen og kunne berre «gi på» oppover lia, sa Sondre.  – No gler eg meg til VM – er i betre form no, og føler at eg har noko der å gjera.

Klassevinnarar – frå venstre Kilian Jornet, Sondre A. Svensli og Emilie Forsberg. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I dameklassen var det Emilie Forsberg som gikk til topp på 1.16.56. Ho kom i mål på 1:57 i betre tid enn Ida Nilsson, som også representerte Fjällframfart SK. På tredjeplass kom Ingrid Stengård frå Trondheim Randoneeklubb 1:21 etter Forsberg.

Vidare var det 5 deltakarar i trimklassen – der 3 av dei 5 var lokale kjendisar. – Veldig artig at vi etter kvart får med lokale løparar, seier rennleiar Nils Ove Bruset.  Arrangøren fikk forresten mykje skryt for arrangementet. Teknisk delegert frå Skiforbundet, Jorid Bjerkeset, var veldig godt nøgd med arrangementet.  – Godt nøgd var også løparane, og Ola Hovdenak tykte det var ei krevjande og artig løype. – Han sa at det var lett å sjå att løypemannskapet har lagt ned mykje arbeid i forkant av løpet. – Det markerte og resten av løparane som applauderte når rennleiar Nils Ove Bruset skrytte av løypemannskapet.

Komplett resultatliste, med mellomtider, frå dagens arrangement finn du her!

Vi kjem etter kvart med fleire bilder frå dagens randoneecup på Kårvatn i eit eller fleire bildegalleri. Vi har hatt mange fotografar ute i løypa og vil etter kvart få inn mange bilder 

Her kommer det første bildegalleriet – foto: Jon Olav Ørsal

 Bilder fra Tove Talgø Brøndbo som var stasjonert på toppen av Tydalsnebba saman med Odd Harald Talgø.

I galleriet nedafor finn vi bilder frå Jo Gjeldnes som var på post oppi fjellet.

Bilder frå Mari Redalen og Eivind Bolme som var stasjonert ved foten av Tydalsnebba

Publisert: 18. februar 2017, 17:21