Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kickoff for unge spelarar

Elinor Bolme Måndag 16. april 2018

I kveld var rundt 100 fotballglade samla i kantina på Surnadal ungdomsskule for årets Kickoff i regi IL Søya. Her var nok flest spente spelarar, men også trenarar og oppmenn var oppmøtt for å sparke i gang ein ny og innhaldsrik fotballsesong. Arrangementet er no ein fast tradisjon, der også klubben sine sponsorar får både takk og oppmerksomheit for deira bidrag med økonomisk støtte for drift og utvikling av klubben.

IL Søya stiller i år med spelarar i 9 ulike klassar. Av desse er dei to yngste klassane knøtt og G/J 08 reine IL Søya lag. Dei andre laga er i samarbeid med både Todalen IL, Kvass/Ulvungen og Surnadal.

Kvart lag vart behørig presentert med opprop av alle spelarane, og for bildetaking. Ellers hadde fotballstyret utdeling av ein hederspris til nokon som over tid hadde lagt ned mykje tid, krefter og ikkje minst engasjement for klubben. Prisen hadde tittelen «Gjerau-prisen 2018» og gjekk til Kenneth Bergstad som sidan 2010 har bidrege både på trenarsida, dugnadssida og ikkje minst med jobben fram til å få kvalitetsstempelet som kvalitetsklubb.

Kenneth var dessverre ikkje på kveldens arrangement, men sonen Anders stilte som god reserve, medan far fekk telefonoppringing frå arrangementet gjennom høgtalaranlegget.

 

Til slutt tok leiar i fotballgruppa Leif Magne Andersen ein prat med Torstein Snekvik som var kveldens gjest. Han går i år på skule i Kristiansund og spelar fotball på KBK. Ein fin rollemodell for dei mange små som var frammøtt.

Sjå dei ulike laga under. Alle foto ElinorB

Publisert: 16. april 2018, 22:57