Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KBK tok Molde på heimebane!

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juni 2018

Det var slett ikkje nokon selvfølge at KBK skulle vinne heimekampen mot Molde i går kveld. Men etter 90 minutt og 4 minutts tilleggstid var 1-0 eit faktum i favør av KBK.  4300 såg kampen på Kristiansund stadion, som var fylt til siste plass. 4100 av publikum var nordmøringar og resten var romsdalingar og reserverte plassar for Molde-supportere.

Anton Slatlem var dagens sponsor, og snakka varmt om Nordmøre og samarbeidet med KBK. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var ein fartsfylt og jamn kamp, der det kanskje var litt flaks som gjorde at KBK tidleg i 2. omgangen var den første til å få nettføling. Dette resultatet var ståande til kampen var slutt etter 90 minutt og 3-4 minutt tillegg, og dei 4100 nordmøringane på tribunane kunne slippe jubelen løs. Det var stor stemning på Slatlems Corner før kampen starta, og den vart nok ikkje mindre når den «harde kjerne» samla seg for feiring etter kampen.

På Todalen.no kjem vi nok ikkje til å være så tett på KBK i fortsettinga heller. Denne gongen vart vi inviterte til kamp av Anton Slatlem som var dagens sponsor i samband med lokaloppgjøret mellom naboane Kristiansund og Molde. Slatlem har vore sponsor for KBK heilt sia starten, og har hatt stor betydning for KBKs satsing på vegen til eliteserien.

Kjell Nergaard intervjua Molde-trenaren Ole Gunnar Solskjær før kampe. Han frykta at kampens 1. mål kunne bli avgjerande – og vart sannspådd. Foto: Jon Olav Ørsal

På VIP-brakka var det køyrt eit eige program med servering og underhaldning, der hadde Kjell Nergaard som er ordførar i Kristiansund eit eksklusivt intervju med trenarane. Litt spesielt var det nok for Molde-trenaren Ole Gunnar Solskjær, som kjem frå Kristiansund, å bli «grilla» om den forståande kampen mot KBK. ha ga da også uttrykk for at han frykta at kampens første mål kunne bli avgjerande slik det ofte er i fotballen. -Og jammen vart han sannspådd.

Det var «stinn brakke» som dagleg leiar Kjetil Thorsen i sin tale til gjestane. Han har ein fantastisk evne til å samle og motivere, og har på mange måtar klart å samle Nordmøre til satsing på elitefotball. Og stemninga vart ikkje dårlegare etter innlegget til Anton Slatlem hadde innlegg som dagens sponsor – «det er steike artig å være med på dette» kunne han fortelle. Han lovprisa Slatlems corner som miljøfaktor i laget, og skrytte uhemma av Talgø MøreTre og «Terje Terrasse»  som har støtta prosjektet som er bygd av produkt i MøreRoyal.

Bildeglimt fra arrangementet i samband med lokaloppgjøret mellom KBK og Molde.  Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. juni 2018, 08:51