Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KBK gir tilbake

Elinor Bolme Laurdag 29. juli 2017

I dei to siste dagene har KBK-stallen med bortimot fullt støtteapparat vore i Surnadal på samling. Som eit ledd i oppkjøyringa til neste helgs storkamp mot Rosenborg, har det nyankomne tippeligalaget lånt Surnadal IL sin grasbane til trening både fredag og laurdag. 

Surnadal kommune er stolt sponsor av Kristiansundslaget og helgas opphald er ein del av denne sponsoravtalen. I går var det muligheit for gratis foredrag og lunsj som Thon Hotel Vårsøg og LL Holding spanderte på dei som ville, medan det i dag var gratis fotballskule på Syltøran med trenar Christian Michelsen og assistentrenar Joakim Klæboe i spissen. Og til tross for avreisedag til Norway Cup, var det vel 30 unge spelarar frå 7-14 år som møtte opp for ei treningsøkt i lag med storparten av KBK sin a-lagsstall. 

Hovedtrenar Christian Michelsen fiskar etter supporterar. Kanskje vart det fleire etter dagens økt.

Under er eit bildegalleri frå dagens treningsøkt med Karin Halle som fotograf.

Kan også anbefale Trollheimsporten sin reportasje Ble trent av Nordmøres beste fotballag

Publisert: 29. juli 2017, 17:25