Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaffekroken opnar igjen måndag 20. april

Jon Olav Ørsal Fredag 17. april 2020

Frå måndag morgon opnar Kaffekroken igjen, fortel handelsmann Nordvik.  – Men det er sjølvsagt lagt restriksjonar på denne reopninga – vi er slett ikkje ferdige med smittefaren for Koronaviruset, og derfor er det sett strenge reglar som skal hindre smittespreiing i samband med dette.  I samråd med kommunelege Bjørn Buan og kommunaldirektør Knut Haugen har vi laga reglar for denne reopninga – mellom anna er talet på sitteplassar redusert og avstanden mellom kvar sitteplass er auka. 

Reglane vi er enige om er realistiske og skal være trygge:

  • Avstand mellom kvart bord skal være minst 2 meter
  • God reingjering av bord og stolar, og minimum 2-3 gong med desinfiserande spritvask kvar dag
  • God reingjering og hyppig observering på toalettet – desinfiserande spritvask av kraner og flater publikum berører 
  • Det plass til 6 stolar og 3 bord etter disse krava – fleire skal ikkje brukast i Kaffekroken
  • Bord og stolar skal ikkje flyttast rundt i lokalet
  • Det skal brukast eingongsservise/bestikk ved servering. 

Det må være minst 2 meter mellom kvar stol for å hindre smittefare – her brukar Marit Tørset og Terje Nordvik målbandet for å kontrollere. Foto: Jon Olav Ørsal

Terje Nordvik tykkjer det er ei positiv nyheit at Kaffekroken opnar igjen, men han legg vekt på at reglane må følgjeast til punkt og prikke.  – kaffekroken har stor betydning for bygdefolket, og det er mange som nyttar dette høved til sosial kontakt.  Nordvik håpar at det går bra med redusert antal sitteplassar – vi må prøve å rullere plassane, slik at alle som har lyst på ein kaffekopp og ein prat får plass. Der bør kunne skje utan at vi behøver å tildele folk «sittetid».  

Enda ei nyheit vil han sleppe i dag – det blir eit miljøskifte på veggane i kaffekroken – Dei gamle bilda som hengte i Kaffekroken før oppussinga for eit par år sia, er no tilbake.  I tilleg er det kome fleire nye – og enda fleire nye bilde vil kome utover våren, bebudar Nordvik.

Nordvik skryter også av handelel på nærbutikken i Todalen.  Koronakrisa og situasjonen somn er oppstått i samband med den har faktisk ført med seg auka handel. Det er ein god trend, og viser kor viktig funksjon ein nærbutikk har når kriser oppstår.  I påska var det imidlertid ein stor nedgang i påskehandelen, og orsaka til det er nok det fullstendige fråværet av tilreisande påsketuristar i år. 

Kaffekroken har stor betydning for bygdefolket i Todalen – her er den einaste samlingsplassen som er «offentleg» i bygda, fortel handelsmannen.

Det har vore auka handel ved nærbutikken i Todalen. Det viser kor viktig slike butikkar er i krisetider. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 17. april 2020, 10:28