Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Justering av lokale råd og konkretiseringar av nasjonale tiltak

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. november 2020

Kriseleiinga i Surnadal kommune, gjorde på sitt siste møte, nokre justeringarav i lokale råd og konkretiseringar av nasjonale tiltak. Dette er justeringar av dei tidlegare råda kriseleiinga gjekk ut med tidlegare i november. 

Dei nye råda er begrunna med at den nasjonale smittekurva har flata litt ut sidan starten av november, då utviklinga av smittesituasjonen nasjonalt var i ein kritisk fase. Det har heile tida vore meininga at råda råda som vart gjevne den gongen, skulle gjelde inntil vidare.

Kommuneoverlege Bjørn Buan. Foto: Arkiv

Kriseleiinga har aldri gått ut med påbod, berre råd. Kriseleiinga rår til dømes ikkje lenger private frå å ha samankomstar i leigde lokale. 

Meir om dei siste endringane i råda frå kriseleiinga kan du lese her: Koronainformasjon frå Surnadal kommune

 

Publisert: 23. november 2020, 18:33