Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Juletrefest med fres i

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2016

6. juledag arrangerte Todalen Idrettslag juletrefest for dei aller minste. Det er ikke tilfeldig av disse juletrefestene er kalla for «springarfester», for det var ein livåt gjeng som møøte til gang rundt juletreet, og ekte nisse som kom på besøk og hadde med seg gåver til alle. – Og jammen trur eg både store og små kosa seg – og tykte det «stod til», dei par timane som juletrefesta varte. 

Her kan du sjå ein liten filmsnutt frå juletrefesta:  Gang rundt juletreet

Og sjølvsagt var det traktering, – med saft og bollar til dei minste, og kaffe med julekaker til den vaksne del av forsamlinga.  Jostu sørga for trekkspellmusikk som akkompagnement til songen, og det var «full trøkk» rundt juletreet mesteparten av tida – Borghild Talgø var vertinne på juletrefesta i år som alle år – og kosa seg nok med det.

Nedafor har vi laga eit stor bildegalleri frå juletrefesta i ungdomshuset 6. juledag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. desember 2016, 17:46