Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julerevy med kortreist og lun humor

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2019

Julerevy er tradisjonelt ein del av julefeiringa i Todalen – den høyrer liksom med og har gjort det så langt attende som vi kan hugse. Det er jammen ein god tradisjon å føre vidare og med storsalen full av publikum er det og tydeleg at folk sett pris på julerevyen.  Frå år til anna har det vore generasjonsskifte i revystaben, og slik er det i år – mange nye er komne med i revyarbeidet, og på mange måtar har julerevyen fått ein ny giv.

Årets julerevy er så absolutt kortreist, for det er revygjengen sjølv som har skrive stoffet som gjennom heile revyen har eit lokalt og kortreist preg. Sjølvsagt har lokale hendingar prega revystoffet, Todalspålen var sjølvsagt eit ynda tema i lag med kaffekroken og strikkekaffen.  Men likevel er det den lune humoren som blir som ein slags raud tråd gjennom programmet – truskyldig humor som ingen treng å bli lei seg for. Og slik er det vel eigentleg vi vi ha det – at alle skal like det dei ser og høyrer. 

I første innslaget var det «eldreråd» i Kaffekroken. Kanskje det trengs både litt gode og utradisjonelle råd for at vi skal bli fleire i Todalen – vi dro kjensel på fleire kjente størrelsar med sterke meiningar om det temaet.  Vidare vart det presentert  nye tenester – OST – Odas Sykkeltenester som driv kun innafor Kammen.  – Det vart også parodiert mottak av nye innflyttarar, der vi kanskje kjenner oss att litt.  Oda Halle parodierte den gamle turløparen som skulle ut på skitur – i sterk kontrast til dagens randoentusiastar på tur til Tjønnmyra.

Knut Bergli fikk folkets heiderspris – Den Gyldne Patron. Han har lagt ned mykje jobb for fellesskapet, og var sjølvsagt i jobb på kjøkkenet i kveld. Vi gratulerer med velfortent påskjønning! Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Kveldens helt vart Knut Bergli som er den velfortjente mottakar av heidersprisen «Den Gyldne patron».  Den Gyldne Patron er på ein måte folkets heiderspris, som blir tildelt ein kandidat som har gjort ein stor innsats for fellesskapet i bygda.  Og det må vi vel seie at Knut har gjort, for han har ein finger med i det meste av det som foregår i idrettslaget. – Og Knut måtte sjølvsagt hentast på kjøkkenet for å få tildelt prisen – han var festkomite i kveld, og produserte hamburger på løpende band til revypublikumet.

Sjølvprodusert og lun humor gikk som ein raud tråd gjennom julerevyen. Astrid Longva Kvendset og Oda Halle på scena. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter pausen fikk vi høre korleis dårleg hørsel kan skape forviklingar på strikkekaffen, og som tidlegare nemnt hadde også revygjengen sett med eit skråblikk på Todalspålen og det som har foregått på Holmen.  Nils Ove bidrog med eit nytt kapittel frå Stangvikboka – sjølvsagt innom stakan på Holmen og andre lokale hendingar. Til dømes ungkarsklubbens liv og virke det siste året, og sjølsagt mange andre små og store «happeningar».  – Så var det klart for avslutningsnummer med alle deltakarane i avslutningssongen frå scena – og julerevyen var i mål!

Bildegalleri frå Julerevyen 2019 – Todalen Ymseri  – alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 27. desember 2019, 23:59 - Sist oppdatert: 28. desember 2019, 08:37