Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegåver til Estland

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. oktober 2019

Heilt sidan 2010 har Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg, og dei dreg til Estland med julegåver 22. oktober.

Sanitetsforeninga har fått ein del strikkaprodukt som skal sendast til Estland, men tek gjerne i mot fleire gåver. Alle som ønskjer å sende julegåver til Estland, kan levere gåvene i Sanitetshuset laurdag 19. oktober i tidsrommet 13:00 til 16:00, altså den tida det er strikkekaffe.

Gåvene skal vera innpakka, og merka med kjønn og alder. (Gjerne på engelsk: girl/ boy/ woman/man eller family).

Kontaktpersonane for Sanitetsforeninga i Todalen er Elsa og Jan Sturla Jensvold i Rindal. Dei har vore fleire turar til Estland, og dei tek ansvar for at gåvene kjem fram til dei som treng det. Dei kan fortelje at julegåvene kjem godt med og blir  sette stor pris på; det er godt med ei god oppmuntring i ein vanskeleg kvardag.

Dei seier det er fint både med familiegåver eller gåver til enkeltpersonar. Innhaldet i julepakkane bestemmer sjølvsagt givaren. Elsa nemner litt om kva som kan vera kjekt å få som toalettsaker, lestar, handdukar, kjeks, mjølkesjokolade, kaffe, te osb. Ungar i Estland som i Todalen set vel pris på leiker og teiknesaker.

Elsa og Jan Sturla Jensvold blir med på turen til Estland og ser til at gåvene kjem fram.

Her er to bilete frå november 2010, det var første gongen Sanitetsforeninga ordna med julegåver til Estland:

Foto: Elinor Bolme.

 

Publisert: 13. oktober 2019, 21:54