Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julegåver først på november

Julegåver først på november

Elinor Bolme Laurdag 5. november 2011

Tysdag ettermiddag opna Todalen Sanitetsforening dørene i Sanitetshuset for å ta imot julegåver som skal sendast med Estlandsforeninga. Ekteparet Jensvoll frå Rindal er saniteten sine kontaktar med foreninga, og dei lovar at gåvene kjem fram til dei ulike intitusjonane som  foreninga driv i Estland. Sanitetsforeninga gjorde dette også i fjor, og med nesten 5 søppelsekkar fylte med julegåver i alle variantar kan ein vel seie at dette er eit varmande prosjekt.

Og for den som lurar, så melder saniteten om at dei også til våren samlar inn att klede for å sende nedover, så her er det berre å byrje å «samle».

Publisert: 5. november 2011, 19:00