Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jul på Nordmøre for 80. gong

Elinor Bolme Laurdag 21. november 2015

Årets «Jul på Nordmøre» er no for salg for nye, og gamle trufaste lesarar. Årets hefte er på 76 sider og inneheld som vanleg variert stoff frå heile Nordmøre. Her er julehistorier av både eldre forfattarar,yngre forfattarar og ordførarforfattarar. Men årets utgave, som er den 80. i rekkja har også litt anna stoff enn berre julerelatert. Her er skulesak, krigsminner og varme fuglehistorier frå Surnadal for å nemne noko. Stort sett nyskreve stoff slik at heftet ikkje skal bli ei andreutgave på noko vis.

Illustrasjonen på framsida er av Bergljot Hals, og med mykje variert og fint Nordmørsk stoff inni, vart dette eit prakteksemplar fortel leiar i skriftstyret Eistein Bæverfjord, som håpar at opplaget på 3250 fyk ut i år også. Dette er eit reint dugnadsarbeid organisert av dei som sit i skriftsstyret for Nordmøre og Romsdal Ungdomslag.

12248867_1038247489560808_643790023_n

Skriftstyret består av Reidunn Halle (nr. 2 fv), Toralf Saltkjelvik (3), Lars Steinar Ansnes (5), Karin Ormbostad (på kne) og Eistein Bæverfjord. Nr. 1 og 4 er Kjell Jostein Stavik (styremedlem i Nordmøre o Romsdal UL) og Oddgeir Løvold (leiar i NRUL).

Og skribentlista ser slik ut:
Ole Magne Ansnes, Torolv Løset, Eivind Hasle, Kari Merete Hegge, Elin Randahl Vullum, Styrkår Brørs, Reidunn Halle, Lars Polden, Marit Sjøsæter, Lars Steinar Ansnes, Ann-Kristin Sørvik, Marita Sæter, Eistein Bæverfjord, Trygve Halle, Yngve Lie, Øyvind Junge, Olga Soleim, Liv Løften Bureid, Anne Lise Vatne Eide, Tor Erik Jenstad, Lilly Gunn Nyheim, Mona Rita Rønning, Aud Solvær, Ola Skei, Lars Ove Skaret, Kåre Bævre, Rolf Hindhammer, Knut Sæterbø / Hans Holten, Janne Iren Olden, Kenneth Kiplesund og Oddgeir Løvold.

Og som de da ser, er det også i år såpass lokalt stoff med, at ein finn eit stykkje frå Todalen/Nordvik med. Dette omhandlar krigen, sett frå dei som kunne minnast denne tida.

image

Martinus Torvik, Ingvar Øyen og Olina Halle vart intervjua av Eistein Bæverfjord. Desverre er Ingvar Øyen gått bort sidan intervjuer vart gjort, og bladet kom ut.

image

Marit Nordvik og Nils Magne Røen.

Juleheftet blir å få kjøpt i bokhandlar og nærbutikkar rundt om på Nordmøre, samt at det på somme plassar er dørsalg som i Todalen.

Publisert: 21. november 2015, 12:55