Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Fjellutstyr: Jubilerer tre dagar til ende…

Jon Olav Ørsal Fredag 17. november 2017

Kårvatn fjellustyr er god i gang med 25-årsjubileet.  Det er nemleg 25 år sia den spede start heime på loftet i 1992, og via butikken på gammellåven er butikken som framleis heiter Kårvatn Fjellustyr godt etablert i nylåven i tunet på Kårvatn.  Vi tok ein tur for å lodde stemninga og smake sjokoladekaka som jubileumsannonsen lokka med. 

Ein oppteken gjeng – det var vanskeleg å samle heile jubileumsgjengen på eit bilete. Framfor frå venstre Laila, Sondre og Fredrik. Attafor Gudmund og Rickard. Foto: Jon Olav Ørsal

Som sagt går jubileet over tre dagar – torsdag til laurdag, med utvida opningstid disse dagane. Laurdag er butikken open 9-17, og da blir jubileet runda av med foredrag av Rune Gjeldnes etter at butikken er stengt kl 17. Det har vore skikkeleg trøkk dei to første dagane, og det reknar vi med at det blir laurdag også, seier Laila Kvendset som er dagleg leiar for Kårvatn Fjellutstyr. 

Nedafor har vi laga eit lite bildegalleri frå jubileumsfeiringa i butikken  – foto: Gudmund Kårvatn og Jon Olav Ørsal

Først publisert: 17. november 2017, 20:48 - Sist oppdatert: 18. november 2017, 10:21