Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jobben er gjort – feira med blautkake!

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juli 2016

Denne veka har det vore stor aktivitet med reparasjon av kyrkjegardsmuren. Det har foregått i regi av soknerådet, og er finasiert med midlar som er kome inn som øremerka gåver til formålet.  I dag vart prosjektet ferdigstillt og da var det feiring med blautkake og kaffe – ved kyrkjegardsmuren.

Det er stort press frå store tre som står ved kyrkjegardsmuren og og ikkje minst telen som har øydelagt deler av muren.  No er dette retta opp og mura opp igjen på nytt. Dette er tungarbeid, og det er rå handmakt ved hjelp av spett, brekkjarn og slegge som har vore arbeidsreiskapen.

Tungarbeid dette – med rå makt og litt lirking kom muren på plass igjen. foto: Jon Olav Ørsal

DSC_2481

No ligg kyrkjemuren på plass igjen – her frå hjørnet mot aust. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_2479

Hjørnet mot sør – har vore rive ned og bygd opp att i gjen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. juli 2016, 14:18