Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jo Gjeldnes – Julegåva som vart ein luftig hobby

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. desember 2020

Jula 1991 fekk Jo Gjeldnes eit rosa klatretau med sele av Gunnar Nordvik til jul. Det vart starten på ein luftig hobby. Gunnar hadde sjølv allereie klatra litt og hadde teke fleire kurs, både i klatring og sikring. Frå etterjulsvinteren 1993 tok han med seg Jo Gjeldnes, Rune Halset, Gudmund Kårvatn og Ingvild Kårvatn, på klatring rundt om kring. På vinteren var det klatring innomhus i Surnadal og Rindal. Når våren kom vart klatringa flytta utomhus. Gunnar fekk laga klatreveggar på vestveggen på redskapshuset på Bordholmen og på siloveggen på Kårvatn. Her fekk Jo, Rune, Gudmund og Ingvild lære både å klatre, og ikkje minst å sikre kvarander under klatringa. Frå våren og utover vart klatringa flytta til forskjellege fjellveggar, og vart både luftigare og ikkje minst meir utfordrande. 

På toppen av Gjuratind i Isjorden.. På biletet ser vi Rune Halset, Eskil Sørvik, Jo Gjeldnes og Øystein Halle. Foto: Privat

Gudmund overtok ganske raskt turistverksemda på heimgarden Kårvatn, samstundes som han starta butikk på låven. Dette gjorde at han etter kvart fekk lita tid til å vere med på klatring. Dei fire som etter dette vart att, hadde i åra frå 1992 og inn på 2000-talet, mange fine klatreturar saman. Dei har m.a. klatra Skjerdingfjellet, Snøfjellet og Innerdalstårnet, men og mange andre fjellveggar og toppar vart besøkt desse åra. Dei fire fekk etter kvart laga seg ei treningsløype i fjellsida ved gamlevegen frå Hjellnes til Svinvika, som dei bruka til trening, testing av utstyr og ulike teknikkar. 

Vi må òg legge til at Gunnar har vore og klatra i Mount Blanc, som ligg i dei franske alpane på gransa mot Italia. Mount Blanc ruvar knapt 4809 moh. 

På tur over Skjerdingfjellet. Jo, Gunnar og Buster. Foto: Kristian H. Gjeldnes

Jo er den av dei fem, som starta i 1992, som er mest aktiv innafor klatring i dag. Han har difor klatra saman med mange andre klatrarar dei siste to tiåra, men Rune, som òg var ein av dei som var med frå starten, har vore med på fleire av klatreturar til Jo heilt fram til i dag. Så vi kan trygt fastslå at Rune ikkje har gløymt gamle kunster han heller!

Sørausthjørnet på Skarfjell. Debuten på Skarfjell i 2008 med Rune Halset. Foto: Privat  

Som vi kan sjå i biletgalleriet nedanfor, så har dei nær 29 åra Jo har dyrka hobbyen sin ført han til topps på mangt eit fjell, mest her i Norge, men òg utanlands. Han har saman med gode klatrevener mollom anna vore både i Sør-Afrika og i Tyrkia og klatra At han, eller nokon av dei andre klatrarane, ikkje har høgdeskrekk er det lett å slå fast, når ein ser på bileta. Skribenten må i alle fall innrømma at han vart skjelven berre av å sjå på bileta!

Jo fortel at han har fått opplevd mykje spanande gjennom alle klatreturane sine. Han har fått sett mange fine plassar og møtt mange som deler interessa hans for klatring. At ikkje alle turane har gått som planlagt, eller har ført han til toppen som planlagt første gongen, er ein del av dei utfordringane og realitetane ein klatrar må leve med. Sikkerheita kjem uansett alltid først, seier han! Til slutt røper Jo at han framleis har fleire mål han vil «bestiga» før han heng klatretau og sikkerheitsutstyr opp i garasjen for godt. 

Publisert: 30. desember 2020, 06:30