Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ivar Waag vinnar i sin klasse

Elinor Bolme Torsdag 3. august 2017

Det er ikkje berre i fotballen lokale idrettsutøvarar gjer det godt. I kveld gjekk Ivar Waag frå Nordvik til topps i klassen eldre junior med fenomenal skyting. Denne klassen er ny av året, og Ivar vart derfor historisk med seieren skriv Det Norske Skyttarvesen på si heimeside no i kveld.

Denne klassen skyt tilsvarande som kongelaget, berre på 100 meter.Les meir om Ivars bragd på DNS

I morgon er det feltfinalar, der både Ivar, John Nordvik, Sigbjørn Hausberg, Jorun Snekvik og Marius Mikkelsen deltek i sine respektive klassar. Alle for Surnadal Skyttarlag, og Marius som debutant.

Enkelte klassar har også skutt stang og felthurtig på søndag. Her gjorde Tor Fredrik Mikkelsen, Surnadal det godt i begge greinene i klasse Junior. Med tida 11.62 sekund vart han nr. 9 av 118 deltakarar i felthurtig. Nr. 9 vart han også i sin klasse i stangskyting med 17 treff. 

Publisert: 3. august 2017, 20:30