Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Invitasjon til kulturhuskonferanse

Elinor Bolme Tysdag 3. oktober 2017
18.november 2017 blir det arrangert ein kulturhuskonferanse, på Bygdahuset Vonheim i Malmefjorden i regi prosjektet Huset i Bygda. Målgruppa for denne konferansen er organisasjonar og huseigarar frå heile fylket. 
 
Siri Skjerve er prosjektleiar for Huset i Bygda, eit prosjekt som Noregs Ungdomslag eig. Huset i Bygda er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, og går over tre år. Målet er å rette fokus på dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket, til dømes lagshus, grendehus, bedehus, ungdomshus, forsamlingshus og bygdehus. Ho skal samle informasjon om desse i husdatabasen www.husetibygda.no og arrangere samlingar for dei som eig og driv desse husa. 
 
Temaet for kulturkonferansen den 18. november er søknadsskriving og tilskotsordningar, og korleis ein kan auke arrangørkompetansen sin. På programmet står informasjon om spelemiddelordninga for kulturbygg, ved Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, innlegg frå Møremusikarane og workshop om tilskotsordningar ved BOJL.
 
Sjå heile invitasjonen her: INVITASJON TIL KULTURHUSKONFERANSEN 2017
Påmelding til Siri innan 10.11 på siri@ungdomslag.no 
 
Publisert: 3. oktober 2017, 17:22