Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant og triveleg kulturvandring på Årnes

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. august 2016

Laurdag 13. august inviterte Stangvik historielag i lag med årnesgardingane til kulturvanding. Vandrarane møttest ved Grendahuset, veret var ikkje det beste, men dei tretti oppmøtte fekk ein både interessant og triveleg dag. I godt turfølgje merka ein ikkje regnet som sila ned.

IMG_8968

Samling ved grendahuset. Det var opprinneleg skulen på Årnes og bygd i 1879. Foto: Dordi J H

Svein Aarnes ønskte alle vel møtt før han fortalde litt om Årnes. Han synte fram to teglsteinar som vart produserte på Årnes først på 18oo-talet. Teglverket var den første industribedrifta i grenda. Teglstein er laga av leire og vart brukt til takstein.

IMG_8970

Gammel teglstein laga på Årnes. Foto Dordi J H

Kulturvandringa gjekk først etter skogsveg, før det bar bratt opp mot Ryinn. Der er det både kvilebenk, trimbok og flott utsikt mot Årnes og utover fjorden når det er klårver. Med hjelp av paraply for å verne boka fekk dei fleste skrive namnet sitt.

IMG_8981

Oppe på Ryinn, trimpost med bok. Skodda skjulte utsikten. Foto: Dordi J H

IMG_8986

Bekken mellom Ryinn og Trøinn hadde vakse opp, så det vart laga ein provisorisk bukk. Foto: Dordi J H

Neste stopp var ved Trøinn, her det er eit riktig fint gardstun med store, prektige bygningar. Opprinneleg hadde tre av Årnesgardane sommarfjøsa sine her, men den rike engelsmannen John Patrich Chaworth Musters kjøpte denne jordparten, og vinteren 1883/84 fekk han bygd hus her. Musters budde her kvar sommar i lange tider, og han budde faktisk fast i Trøinn i heile fem år, og fire av dei elleve ungane vart fødde her. Musters forpakta jaktrettar både på Årnes og på Nordmarka, og han dreiv laksefiske i Surna. John Musters bygde markagarden Vaulen i 1895. Musters var uvanleg interessert i natur, han var ornitolog. Da John Musters sommaren 1914 fekk beskjed om at 1. verdskrigen var i gang, reiste han i lag med familien i all hast heim til England. Sjølv kom han aldri meir att, men sonen budde på Vaulen fram til 2. verdskrigen. Frå 1917 var Trøinn bustad for driftsstyraren i kalkgruva. No er eigedomen i privat eige.

IMG_8996

Samling ved husa på Trøinn. Foto: Dordi J H

Turen gjekk vidare nedover fint kulturlandskap og tilbake til grendahuset. Der vart det servering av beste slag!

IMG_9012

På tur tilbake mot gardane på Årnes. Foto: Dordi J H

IMG_9013

Kjøle god servering! Foto: Dordi J H

Svein Aarnes var dyktig guide på turen, og han leia og programmet vidare. Han hadde god hjelp av ei utflytta årnesjente, Gunn Signe Aarnes som no bur på Gjøra. Ho las eit stykke frå «Hjallarhorn» – avisa til Årnes ungdomslag, ei artig og humoristisk skildring av ein stortur ungdommane på Årnes arrangerte sommaren 1934 – overnattingstur heilt til Brattset øvst i Bøverdalen!

IMG_9020

Gunn Signe Aarnes las både frå «Hjallarhorn» og frå erindringane til Knut Aarnes. Foto: Dordi J H

Etterpå fekk vi høyre erindringar frå Knut Aarnes (1870 – 1955) der han fortalde om da han gjekk for presten i Stangvik i 1885. Slik skriv han om presten Just Ebbesen: «Det var ein ein ung, ven og gåverik mann. Han vann seg snøgt mange vener, og med sitt kvikke og gemyttlege sinnelag og ljose kristendomssyn var han både prest og kamerat. Etter huskonsertane kunne han ta oss med ut på gardstunet, finne fram kuler, køller og bøyler og  lære oss å spela «krokett»!» Knut Aarnes var lærar på Årnes i mange år, men første lærarjobben hadde han i Todalen i åra 1893 til 1896, storskulelærar og klokkar.

IMG_9031

Nils Røv får takk frå Svein Aarnes. Foto: Dordi J H

IMG_6784

Bernt Bøe trakterte vant det gamle trøorgelet. Foto: Dordi J H

Nils Røv kåserte både på turen og i grendahuset, og han spela nydeleg på munnspel, slåttar frå Jämtland og Todalen, medan Bernt Bøe fortalde litt og spela til allsongane.

Kulturvandringa på Årnes vart ein riktig så innhaldsrik, allsidig og triveleg dag!

IMG_9034

Frå venstre nestleiar i Stangvik historielag, Marit Haugen, så årnesgardingane Svein Aarnes og Karen Våg. Foto: Dordi JH

IMG_9017

Triveleg prat og god song rundt kaffeborda. Foto: Dordi J H

IMG_6779

Utsikt frå Trøinn mot Årnes. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

 

 

Publisert: 13. august 2016, 22:29