Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant og triveleg fimkveld

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. mars 2016

Onsdag andre mars inviterte Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset. Filmen som stod på programmet, var svært så lokal. Hovedpersonen i filmen er Gudmund Halle frå Kårvatn, intervjuar er Olav Kvendset og filmskapar er Svein Åge Saksen. Filmen vart teken opp i 1994 da Gudmund var 81 år, og tema for filmen var kraftverk og kraftutbygging.

IMG_7825

Leiar i historielaget, John Moe, ønska alle velkomne. Han var riktig godt fornøgd med oppmøtet, 40 personar i alt. Foto: Dordi J.H.

Gudmund Halle imponerer stort i filmen med solid kunnskap, utruleg godt minne, engasjement og stor forteljarglede. Han fortel om kraftutbygginga i Nauståfossen som skaffa kraft til dei tre heimane Kårvatn, Dalahaugen og Myrvang, – kraftverket stod ferdig i mars 1942. Da vart det lysfest! Og etter det vi fekk høyra, var det mange svære og lystige lysfestar i gamle dagar, ikkje berre på Kårvatn, men i alle grender der det kom elektrisk lys. Tydeleg vis var ikkje serveringa berre blautkake og kaffe på desse festane!

IMG_7840

Etter filmen vart det kaffe, da gjekk praten vidare om kraft og kraftverk. Frå venstre Bård Andressen og Ragnar Halle. Bak ser vi at John Moe ser etter opplysningar i «Svorkahistoria». Foto: Dordi J.Halle

Det var mykje arbeid å bygge kraftverket oppi Nauståfossen, men vedlikehaldet kunne også vere svært strabasiøst fortel Gudmund i filmen. Vinters tid var det problem med kjøving, og da måtte han oppå fossen for å hogge is, ofte i djupsnø og mørke, hardt og tidkrevjande arbeid! Gudmund fortel også om andre karftverk i bygda, det var sju småkraftverk på det meste.  Det var glede på Kårvatn da Aurakrafta kom i 1962.

IMG_7836

Olina Halle ( til venstre) er enka etter Gudmund. Her er ho i lag med May-Elisabeth Holten og Sigrun Ørsal. Foto Dordi J.H.

I filmen gir Gudmund stor honnør til Olav O. Halle, Skogly. I følge Gudmund  var Olav Skogly krumtappen i utbygginga av elektrisk kraft i bygda, han var sentral både i bygging og vedlikehald av kraftverka, i installasjon av elektrisitet i heimane, i montering og reparasjon av elektrisk utstyr.

Gudmund Halle fortel samanhengande i fem kvarter og imponerer som sagt med fagkunnskap, men også med muntre historier. Det vart ein interessant og artig kveld. Svein Åge Saksen har gjort eit viktig arbeid for å dokumentere lokalhistorie i denne filmen. Kanskje får vi sjå fleire filmar med lokalt innhald frå «Bækkerfilm».

Neste arrangement i historielaget er årsmøtet den 31. mars. Da er plana mellom anna å vise filmen «Polsdans frå Nordmøre i tradisjon frå Todalen».

 

 

 

 

Publisert: 3. mars 2016, 02:22