Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant kulturdag på Årnes.

Marit Haugen Tysdag 15. august 2017

Turstigruppa på Årnes, med Svein Aarnes i spissen, har no gjennom fleire år lagt ned eit utruleg stort arbeide med å rydde og merke stier i Årnesliene, heile rutenettet er på 2-3 mil! I tillegg er det oppsett fleire hundre namneskilt i området, og det er utplassert heile 28 postkasser med turbøker. I tillegg kan ein nå turmåla til Bæverfjord i Baklia og ved Svartvatnet. Gruppa har og lagt ut trimbøker ved Sivertvarden og Engerlivarden på Torviksida. Stangvik Historielag v/Bjarne Røen har laga mange av skilta, i tillegg har Odd Ragnar Bekken laga mange. Arbeidet med utplassering av skilt er kome langt, men ennå er det ein del som ikkje er utsett. Sjølv om det meste av dette er «gratis-arbeid», vil det alltids vera noko som må betalast med penger og. Gruppa er svært glad for, og vil takke Gjensidige forsikring Surnadal for støtten dei har fått frå dei, og Surnadal Sparebank som har støtta med ein «kvile-benk».

Vi starta ut frå Grendahuset (gammelskulen) på Årnes. Foto: Marit Haugen

Dette er 4. året det blir arrangert sti-vandring med servering og sosialt samvære i Grendahuset (gammel-skulen) på Årnes. Dei to første åra var veret heilt strålande, i fjor var det eit regnvær uten like, med flomstore bekkjer, i år, laurdag den 12. august, var det og regnvær, men med «opphalds-elingar» innimellom – altså ikkje så aller verst turvær.
Vi starta med samling inne i grendahuset, der Svein Aarnes orienterte om «dagens løype». Hoveddelen av løypa vi skulle gå, var den gamle setervegen. Da det er bygd mange nye skogsvegar i området, var det ikkje så mykje av sjølve seterstien att, slik har det vorte på dei fleste plassar opp liene dei siste åra. Årnesbygda er truleg ein av dei eldste buplassane her i området, så seterhistoria går og langt tilbake i tid, men det er lite å finne om den eldste tida. Gardane på Årnes setra på 1800-talet på Seterbøsetra i Bøverdalen. Setra som hørte Årnes til, låg truleg litt aust for der Seterbøsetra står i dag. Svein meinte og at det kanskje «i riktig gamle dagar» hadde vore setrer og setring oppå høgdene ovafor Årnesliene, men det finns ikkje sikre kilder på dette. Setervegen som vi skulle følgje i dag vart i alle fall truleg bruka når dei skulle ha krøttera til Seterbøsetra. Jørristua kjøpte den gamle garden Baklia først på 1800-talet, og det er truleg at dei setra der omkring midta på 1800-talet. Det er og funne tufter etter seterhus oppå Baklia, litt lenger att enn der gardshusa stod. I Austigard setra dei på 1800-talet på Mellingsetra i Søyådalen , truleg setra ikkje dei på Seterbøsetra. Litt av ein seterveg det og!

Det vart ein kort stopp ved Skogstua – regnvêret innbydde ikkje til noko lang pause. Foto: Marit Haugen

Det var ein gjeng på ca 30 stk som tok vegen fatt oppover Årnesliene etter orienteringa i grendahuset. Svein fortalte litt om områda vi gjekk gjennom. Setervegen gjekk beint opp lia, medan vi tok av mot vest, og opp mot «Skogstua». Det hadde nyss vore tømmerhogst oppi liene her, i regnveret i dag vart vi litt «dikjåt» etter den nylaga skogsvegen, men til gjengjeld fekk vi ei fin utsikt over Årnes-gardane no når granskogen var borte. Vi hadde med oss Nils Røv som fortalte om det som voks kring oss, både tre, planter og mose. I dei nyuthogde områda såg vi at det voks så mykje, langt gras. Nils fortalte at dette var «Smyle», ofte den første vegetasjonen som kjem på den magre jorda etter hogsten.
Oppe ved «Skogstua» (som hører garden Jørristua til) var det utlagt turbok, her tok vi ein liten stopp med «signering» og fotografering. Men det «draup litt tu nå» ennå, så vi fann det likast å fortsette – det var ikkje langt att før vi var ferdig med stigninga no. På turen gjekk vi om mange gamle plassar som det no var oppsett namneskilt ved. Før det for alvor tok til å helle ned mot bygda, kom vi til Ekjelia , her var det og muleg å gå ned til «Gammelvegen». Herifrå hadde vi og fin utsikt ned mot Årnesgardane, over fjorden til Torvika og innover mot Surnadalsøra. Nils Røv fortalte og om planter vi såg ved vegakantane, fleire av dei hadde vore nytta både som medisinplanter, og som smakstilsetting i «sterkare drikker».
Inne på grendahuset var kaffen, og som vanleg mykje god mat, kome på bordet: gode påsmurte rundstykkjer, graut og bakels og mange gode kaker! Etter ein litt fuktig tur, var det ekstra godt å kome inn og nyte den gode maten som kjøkkengjengen hadde klar til oss – det smaka heilt fortreffeleg!
Praten gjekk livleg kring borda, men det vart og gjort rom til litt underhalding: Gunn Signe las eit innlegg frå ungdomslagsavisa Hjallarhorn, og i tillegg las ho litt frå nedtegningar som faren hennar, Daniel Aarnes, hadde gjort frå «gammeltida». – Og så tok Nils Røv eit par slåttar på munnspella sine – Turstigruppa hadde nok ein gong fått til ein svært så triveleg dag for oss som var med – takk for laget!

Publisert: 15. august 2017, 09:00