Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant jobb ved Kårvatn fjellutstyr?

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mars 2015

I Drivas fredagsavis annonseres det etter seljar til butikken til Kårvatn fjellustyr. Laila Kvendset Bergli, som er dagleg leiar, fortel at dei er ute etter ein person som er interessert i sal og kundebehandling – og som gjerne har fagkompetanse og erfaring fra sprotsbransjen. Og som det står i annonsen -» om du i tillegg tenkjer at du kan passe omtalen altmoglegmann, tusenkunstnar, lærevillig, sjølvgåande, gode datakunnskapar, engasjert, påliteleg, pliktoppfyllande, utstyrsinteressert, innovativ, utadvent, serviceinnstilt og fleksibel. Ja, då nærmar du deg verkeleg det vi søkjer etter….»

KårvatnFjellustyr_0663_L

Kårvatn Fjellutstyr – butikken på låven – med nauståfossen og Knubban i bakgrunn. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Last ned og les stillingsannonsen, og dersom du har fleire spørsmål så ta kontakt med Laila Kvendset Bergli på tlf 71663929, og sende søknad og CV til laila@fjellutstyr.no.  Søknadsfristen er måndag 30. mars 2015.

 

Publisert: 6. mars 2015, 19:26