Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inspirerande dametreff på Byggmakker

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. oktober 2016

Onsdag kveld inviterte Byggmakker Surnadal til «Damenes aften», eit arrangement som er blitt ein tradisjon og som er riktig populært for damer i alle aldrar. Her er det mange gode tips å få til opp-pussing før jul.

img_0237

Det var stor interesse for «Damenes aften». Foto: Dordi J H

Konferansier for kvelden var Åse Børset frå Rindal, ho var både dyktig, underhaldande og engasjerande. Først fortalde ho litt om seg sjølv. Ho gjekk inn forsvaret som 18-åring og er no med i Heimevernet, og der hadde ho nyleg delteke på tropps-sjefkurs. «De va 50 karra å me!» sa ho, og det høyrdest ut som om ho hadde erfart mykje, hatt det artig og lært litt om tankemåten til karar. Ho er også lærar og driv firmaet Trialog som tilbyr kurs og foredrag for bedrifter med teamutvikling og individuell veiledning.

img_0261

Thomas Holm frå Jotun. Foto: Dordi J H

Thomas Holm frå Jotun presenterte fargar og trendar for haust og vår. Han presenterte  det nye fargekartet til Jotun, «Lady home living»,  og han kunne fortelje at fargekartet er globalt, og at digitalt fargekart er nytt av året, adressa er colours.jotun.no  Han gav gode tips til opp-pussing og måling både av rom og gamle møblar. No er det in å bruke litt mørkare fargar til tak, 78 ulike fargenyansar er det å få i takmåling hos Jotun. «Lady Pure Nature interiørbeis» egnar seg godt til panel og motverkar gulning. Fargekart og fleire tips er å få hos Byggmakker.

img_0256

Jostein Stene viser fram kjøkken frå Fossline. Foto: Dordi J H

Kortreist kjøkken- og badeinnreiinga vart presentert frå Fossline i Meldal. Luxaflex er spesialistar på solskjerming, og dei viste fram liftgardiner, persienner, rullegardiner osb. Langlo viste det nyaste innan garderobeløysingar med skyvedører og «Walk-IN».

img_0265

Espen Johannessen frå Luxaflex demonstrerte solskjerming innadørs. Foto: Dordi J H

Roger Luneborg frå Talgø presenterte det nyaste når det gjeld «småhus» som hagestuer, multiboder og pergola til uterommet – modulbaserte byggesett i ferdige element, så her kan ein gjere mykje sjølv. Dette er populært, og det kjem ein del nytt til våren kinne han fortelje.

img_0248

Ildri Tørset ( til venstre) og Gunn Søyset har kvar sin butikk på Syltbakkå. Ildri steller med symaskiner og stoff, medan Gunn sel kortreist mat. Foto: Dordi J H

img_0253

Brit G. Moen lagar mykje god mat, ho serverte nydeleg potet- og purresuppe og gav smaksprøvar på gode lefser. Foto: Dordi J H

Elles var det presentasjon av lokal mat med smaksprøver, kaffe og kaker og gratislotteri med fine gevinstar. Og Hageland hadde mange gode tilbod denne kvelden.

img_0272

Hageland hadde mange tilbod og selde mellom anna fine orkidear. Frå venstre Hubertine Roebroek, Ida Bochkon og Ingrid Lien. Foto: Dordi J H

Dagleg leiar for Byggmakker og Hageland i Surnadal, May Britt Dyrli, kunne fortelje at Byggmakker arrangerer «Damenes aften» over heile landet før jul. Ho var godt fornøgd med kvelden og at 110 interesserte damer møtte opp.

img_0267

Dagleg leiar May Britt Dyrli og Anne Moen. Foto: Dordi J H

Det var ein interessant, informativ og triveleg kveld, altså ein vellukka «Damenes aften», og mange fekk inspirasjon til nye prosjekt i heimen.

img_7860

Ingunn Kvendset (til venstre) og Synnøve Settemsdal var godt fornøgde med kvelden og hadde fått gode idear til opp-pussing! Sat godt gjorde dei og, sjølv om senga minte lite om dei gamle Talgøsengene. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 28. oktober 2016, 02:04