Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inspirasjon og påfyll av generalsekretæren

Elinor Bolme Torsdag 8. juni 2017

Tirsdag kveld var nesten 30 sanitetskvinner frå tre lokalforeninger i kommunen samla til Todalen Sanitetsforening si sommaravslutning. Vanleg praksis har ikke vore at nærliggande foreningar kjem og deltek, men denne gongen fekk Todalen Sanitetsforening besøk av generalsekretær i NKS , Grete Herlofson. Opprinneleg var ho venta til årsmøtet i  februar, men måtte melde avbud. Ho ønska å ta oppatt turen, og da tykte styret at dei andre foreningane også måtte få treffe ho når ho først kom oppover til Todalen.

Første post på besøket var naturleg vis ein stopp i Arboretet. Der stilte Marit S Søyset opp som lokal guide. Og med stor entusiasme for blomster vart dette ei fin oppladning til todalsbesøket.

Ein 121 år lang veg fram til velferdssamfunnet

I sanitetshuset tok Herlofson for seg historia til NKS og vegen fram til dagens aktive og samfunnsnyttige organisasjon med over 41 000 medlemmar. Ho var veldig bevisst på at distansane mellom «dere der inne i Oslo» og lokalforeningane ikkje må opplevast som ei utfordring. -Sekretariatet med alle sine vel 20 ansatte er der for dere i lokalforeningane, slo ho fast. Og aktiviteten der er nok større enn ein kanskje kan tenkje seg sett frå lokalforeningane sitt ståsted med fokus på sal av fastelavnsris og maiblomar og å få folk til å komme på eit eige lokalt arrangement.

Sekretariatet er inndelt i ulike fagområder innan kommunikasjon, omsorgsberedskap, vald, kvinnehelse, forskning, Etiopiaprosjektet og ikkje minst medlemsservice. Dei server tillitsvaldtorganer, driv politisk påverkningsarbeid og arrangerer og tilrettelegg mange lokale og nasjonale arrangement.

Engasjementet må fortsette!

-Vi veit kva vi som organisasjon har stått for i 121 år. Vi veit og at om vi sluttar no, så er det faktisk mykje som stoppar opp i samfunnet. Så det kan vi ikkje! Vi treng den frivillige innsatsen de som medlemmar av foreningane og organisasjonen gjer. Vi kan ikkje slutte å bry oss og vere den vakthunden som samfunnet vårt treng i ulike helseutfordringar vi har. Og med ein så engasjert ledar var dei frammøtte enige i vi nok trengst, og tek på att i 121 år til.

Generalsekretæren fekk naturleg vis omvisning i Sanitetshuset. Og Synnøve Talgø viste fram den nyoppussa leilighita som ho trivst så godt i.

Leiar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes takka så mykje for besøket, og anbefalte at ho måtte komme att igjen. -Vi har enda mykje meir å vise deg!

 

Publisert: 8. juni 2017, 10:00