Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inspeksjon av Brusetbrua

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mai 2020

Måndag ettermiddag var det uvanleg aktivitet ved Brusetbrua; fleire karar, bilar og til og med ein stor gummibåt på ein hengar. Det viste seg å vera mannskap frå O. E. Hagen dykkerfirma frå Stryn.

I dag var dei på oppdrag frå vegavdelinga i Møre og Romsdal fylke for å inspisere tilstanden til brukaret under Brusetbrua. Slik på sparket vart det sagt at brukaret såg bra ut, men det viste seg at elva hadde grave unna masse på oversida av karet. Etter inspeksjonsrunden av Brusetbrua, skulle dei vidare til Surnadal for inspisere fleire bruer.

Dukkar Bjarte Olai Heggdal utfører inspeksjon, her hadde elva grave litt masse unna karet. Foto: Dordi J H

Dukkarfirmaet O. E. Hagen har hovudkontor i Stryn med underavdelingar i Bergen og Kristiansand. Dei driv med anleggsdykking mellom anna for vegvesenet med t.d. inspeksjon av bruer og ferjekaiar og for kraftverk med t.d. inspeksjon av vassfylte tunnellar.

På heimesida kan vi lese: «Vi har mange års erfaring som undervannsentreprenør med komplekse dykkeoppdrag i utfordrende omgivelser frå kyst til innland og høyfjell. Med mobilt utsstyr har vi lett tilgang til hele landet.»

Her er arbeidslaget. Frå venstre: Knut Jørgen Oseberg, Odd Haaheim, Sigbjørn Hagen og Brage Olai Heggdal. Foto: Dordi J H

Arbidskarane var interesserte i å høre om elva og Todalen. Så no veit dei i alle fall at det har vore fiska mykje frå Brusetbrua, at det er teke mykje laks i Brusethølen, og at området ved brua gjennom alle år har vore ein populær badeplass!

Grundig inspeksjon av brukaret. Foto: Dordi J H

Før oppdrag i elva blir dukkardrakta desinfisert. Her vaskar dukkaren desinfeksjonsmiddelet av drakta før han går i land. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 11. mai 2020, 16:09