Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innvandrarar og framtidshåp

Elinor Bolme Torsdag 12. november 2015

Innvandrarar og framtidshåp er tema når Indre Nordmøre Senioruniversitet har invitert Olav Bergheim saman med innvandrarar og flyktningar til å orientere om bakgrunn, utfordringar og framtidshåp for dei nye innbyggarane på Nordmøre. Møtet skal vere på Kulturhuset i Surnadal 18/11 kl 1100. Det skjer svært mykje på flyktninge- og innvandrarsida no om dagane, og det kan vere nyttig å få møte nokon av dei nye som har kome, og få høyre om dei som kanskje kjem. Både for dei nye og gamle innbyggarane er det nyttig med meir informasjon og kunnskap om kvarandre.

Og som vanleg vil møtet bli avslutta med felles kaffeprat.

Publisert: 12. november 2015, 15:06