Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innspurt på valkampen

Jon Olav Ørsal Fredag 4. september 2015

Det er vel ikkje rett å seie at Jon Bruset gjorde sine hoser grønne, men han kom iallfall på døra med ei valkamp-rose fredag kveld. Etter at dei politiske parti i tur og orden har stått på valkampstand i kjøpesentra og andre plassar der folk ferdes går valkompen no mot slutten. Surnadal Arbeiderparti markerte med å kome på døra til folk med ei rød rose, og Jon tok runden til alle heimar i Todalen.

Måndag 14. september går kommune- og fylkestingvalet av stabelen. Da bør du bruke stemma di, enten du vel den eine eller andre partifarga – det får du ta avgjerda på sjølv.

I Todalen skjer kommune- og fylkestingvalet i Todalen skule, og vallokalet er ope i tidsrommet 12-20. Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen kam du førehandsstemme på Sørviskontoret på kommunehuset fram til 11. septemer.   Du kan sjekke om du står i manntalet før valet. Her i Todalen er lister lagt ut på Matkroken fram til valdagen.

Publisert: 4. september 2015, 19:59