Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innspurt for påmelding til T.I.Ls julebord i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 2. november 2018

Todalen I.L. minner om invitasjonen julebordet som laget arrangerer laurdag 17. november og at påmeldingsfristen går ut laurdag 3. november. Bruset fortel at det allereie no er mange påmeldte, og reknar med ein innspurt dei siste to dagane.

Han seier at dette er ei høveleg anledning for julebordfeiring, og spesielt oppfordrar han lag og organisasjonar til å samle medlemar og interesserte til felles julebordfeiring i ungdomshuset. Dette julebordet blir da også eit rimeleg alternativ, der den enkelt betaler kr 350 pr kuvert for inngang og julemat. Tillegg for drikke som du kan kjøpe etter eige ønske i baren som har alle rettigheter – også alkoholfritt. Det blir servert julemat – pinnekjøtt og fleire variantar med ribbe og aktuelt tilbehør.

Påmelding for dette julebordarrangementet skjer enten på e-post: nils.ove.bruset@gmail.com eller telefon 970 81 093 til Nils Ove Bruset – eller ved å skrive seg på lista som er lagt ut på Matkroken Todalen seinast 3. november 2018

Publisert: 2. november 2018, 10:26