Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Infokveld med arkeologane – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 13. august 2018

I det nye bustad og hyttefeltet på Øygarden på Nordvik har det verkeleg foregått i sommar.  Vatn Maskinstasjon har jobba med infrastrukturen i heile feltet og det har vorte både vegar , vatn og kloakk.  Dei har også funne mykje rart, eller rettare sagt gammelt, som har gjort at arkeologane har funne bustadfeltet interessant. –  Om det er gamle nordvikgardingar dei har funne det veit ikkje vi, men torsdag 16. august kl 19.00 vil dei iallfall stille opp og informere om sine funn. Nye funn har gjort at dei er komne i tidsnød og derfor startar infokvelden med omvisning i feltet og da gjeld det å kle seg etter forholda! Det er derfor lurt å ta med regnklær eller paraply.

Etter at omvisninga er ferdig vil det bli samling i Nordvik Forsamlingshus, der grendelaget vil ha servering og resten av arrangementet vil foregå der.

Dette kan nok bli interessant, og Nordvik grendelag arrangerer altså infokveld i Nordvik Forsamlingshus torsdag kveld frå kl 19.00 og utover kvelden.  Kanskje er det også andre som har litt å bidra med frå gamle dager, om det ikkje er så gammelt at arkeologane interesserer seg for det. Iallfall er alle som er interessert velkomne til Nordvik forsamlingshus denne kvelden.

Frå Øygarden bustad- og hyttefeltet på Nordvik. Foto Åsgeir Frydenlund

 

Først publisert: 13. august 2018, 08:00 - Sist oppdatert: 17. august 2018, 06:22