Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje nyttår utan …

Steinar Hasselø Måndag 4. januar 2016

TrondheimSolistene kjem til Surnadal kulturhus på fredag kl. 19 for å feire nok eit nyttår saman med nordmøringane. Kammerorkesteret har gjesta kulturhuset på Skei tolv gonger før og den årlege nyttårskonserten har vorte ein kjær tradisjon for mange på indre Nordmøre.

TrondheimSolistene kjem truleg med eit noko større ensemble enn kva dei brukar på fredag. Dei vil difor ha fleire strengar å spele på, og ein som vil nytte seg av dette er Atle Sponberg – ein av dei fremste tangofiolinistane i landet. Så her ligg det til rette for overraskande musikalske sidesprang!

Sponberg vil også vere solist, saman med surnadalingen Anders Larsen, på Bachs dobbeltkonsert. Anders Larsen vil også spele saman med Ingrid Stokke, ein ung fiolinist frå Kulturskolen på Indre Nordmøre. Og ei gruppe unge strykarar frå indre Nordmøre, leia av Synnøve Hammervold, vil også delta i samspel med TrondheimSolistene.

TrondheimSolistene er ein av dei aller fremste kulturelle eksportartiklane vi har, og deira siste plate «Magnificat» (spelt inn saman med Nidarosdomens jentekor) er no nominert til ein GRAMMY-pris (musikkens «Oscar»). Det er, utruleg nok, sjuande gongen at ei plate med TrondheimSolistene er nominert til denne amerikanske musikkprisen. Ein slik pris heng veldig høgt – og fortel kor privilegert nordmøringane er som får slikt besøk kvart år!

Publisert: 4. januar 2016, 09:24