Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ikkje berre lastebilverkstad

Ikkje berre lastebilverkstad

Jon Olav Ørsal Måndag 5. september 2011

Surnadal Lastebilveksted (SLV) driv ikkje berre med reparasjon av lastebilar. I dag er også traktorar og landbruksmaskiner ein viktig del av kundeporteføljen for SLV. Verksmeister Halvor Drøpping fortel at SLV gjennom avtale med Nordlund Maskin har inngått eit samarbeid om vedlikehald og reparasjon av traktorar og landbruksmaskiner. Dette kan skje både på verkstaden på Vasseng eller heime hos kunden, med SLV og Nordlunds fullt utrusta servicebilar  som er ”rullande verkstader”.

 Drøpping fortel vidare at både SLV og Nordlund har store forventningar til dette samarbeidet, som vil betre servicetilbodet til Valtra-eigarane betydeleg. I starten vil dette arbeidet skje i nært samarbeid, der Nordlund Maskinservice vil være ein slags mentor for SLV når det gjeld store og kompliserte oppdrag.

 SLV vil også utføre service og reparasjonar på andre merke og typar av landbruksmaskiner og startar i desse dagar ei haustkampanje for ein 10-punktsservice tilpassa traktorar. Ved å ta ein slik 10-punktsservice no, kan du kanskje unngå driftsstans når vinterkulda sett inn, seier Drøpping.

 10-punktsservicen kostar kr 800,- (eks. mva.) og inneheld følgjande service- og kontrollpunkt:

  • Batteri (syrevekt/nivå)
  •  Kontroll av oljenivå
  •  Ljoskontroll
  •  Kontroll  av kjølesystem
  •  Kontroll av bremsar
  •  Kontroll av forstilling
  •  Smøring
  •  Kontroll/drenering av dieselsystem
  •  Kontroll av lekkasjar
  •  Funksjonskontroll av hydraulikk

Her finn du meir info om SLV og Nordlund Maskin Service

Publisert: 5. september 2011, 17:47