Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I.L. Søya reopnar akebakkan på Vang

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2020

Med nærare 40 cm nysnø på Vang er det duka for reopning av akebakkan og lysløypa på Vang.  Dette er nok nærast ein kurositet, men kanskje er det mest for å vise fram den nye tråkkemaskina, seier Anders Fritjof Røen til Todalen.no.  For nokre dagar sia kom den nye tråkkemaskina til gards, og det er nok ei storsatsing for I.L.Søya – ei investering på rundt 2,5 mill.  Fredag kl 10 samlast vi på skiarenaen på Vang, seier Røen. 

Han fortel at den nye tråkkemaskina er eit stort løft for idrettslaget, og at det har vore jobba fleire år med å få finasieringa på plass. Ved god hjelp av tippemidlar, sponsorar, private og offentlege gjevarar og ikje minst basararrangørar så er tråkkemaskina no på plass. Det er ei demokøyrt tråkkemaskin som berre har gått rundt 250 timar som er kjøpt. 

Publisert: 14. mai 2020, 09:33