Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I helga: Laksefestival med allsidig program

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Sjølv om det er laksen som står i sentrum denne helga, så kan Norsk Laksefestival by på eit allsidig program som kan friste dei alle. Du kan i grunne velge og vrake i aktivitetar både for deg sjølv og for heile familien.  Det heile startar egentlig når Camp Villaks etableres ved Skeishølen torsdag ettermiddag, og sia går det slag i slag gjennom heile helga.

Torsdag kveld er det familiearrangement ved Glønavatnet, der det blir både fisking og grilling – her blir det høve til å prøve seg med fiskestonga og kanskje du får sjansen til å grille fangsten etterpå?  Torsdag er også Thomas Tivoli på plass ved Amfi-sentret, og dei tek del i programmet gjennom heile helga. Torsdagen blir avslutta med Gauquiz i Teltet på Skei når det lir til kvelds.

Det blir eit yrande liv i marknadsgata på Skei. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Fredag blir det straks meir liv og røre i sentrum. Kl 12 opnar marknadsgata, og her kan du risikere å bli frista av gode tilbod av mange slag. Eit 50-tals utstillarar utfyller kvarandre og kan tilby nærast alt muleg.  Kl 18 er det vel verdt å få med seg opningsshowet på hovudscena og ellers byr kvelden på fiskekonkurranse i Surna, der kompen om å bli laksekonge skal stå fram til kl 01.00. På hovudscenen blir det også utekonsert med «Byting og Katastrofe» frå kl 21.00 og utover.

Laurdag opnar marknadsgata kl 10 og da startar også energikampen på torgplassen. Vidare er det eit variert program med lynsjakk, Strongman, tivoli, Amfi talenter, premieutdeling og kroning av laksekongen, og endar opp med minnekamp for Snorre Larsen på Syltøran kl 16. På kveldstid fortsett programmet med konser med «Ship of Fools» og «Stage Dolls» på hovudscena på Skei.

Surnadal JFF er ansvarleg for andelotteriet – den heldige vinnaren kan bli inntil 50.000 rikare. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Søndag fortsett festivalen på 4. dagen, og marknadsgata opnar kl 11 og er opa til kl 17 på ettermiddagen. Dagens hovudattraksjon er nok det store andeløpet som foregår i Surna ved Øye bru. her ventar det ei stor premiepott på ein heldig vinnar. Vidare utover dagen er det konsert med surnadal hornmusikk og opptreden av vinnaren av konkurransen Amfi talenter. Litt av kvart altså – og vel verdt å få med seg.

Norsk laksefestival har ei informativ og oversiktleg heimeside, der du finn meir informasjon om festivalen og fleire detaljar om programmet.

 

Publisert: 21. juni 2018, 09:31