Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag er sola på sitt høgste!

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2015

I dag er det sommarsolsnu – det skjer kl 16.38 står det å lese i ein tabell på Wikipedia. Enten vi vil eller ei, så går det mot ein ny vinter, – men forhåpentleg vis skal vi få nyte mykje sommar enno. Vi har i allfall mykje tilgode ettersom våren og forsommaren har vore sur og kald, og med nysnø i fjella til og med denne veka.

Sommarsolkverv eller sommarsolsnu er tidspunktet når jorda er i det punktet av banen der den halvkula ein er på (nordleg eller sørleg) heller mest mot sola. Dette skjer alltid om sommaren.  Når sola står i sør midt på dagen har ho si høgste høgde over horisonten i året, og klokka tolv vil ho stå rett over hovudet i områda ved 23 breiddegrad. Det er òg den dagen som har lengst daglengde. I daglegtale seier ein ofte at «sola snur» på dette tidspunktet, fordi dagane frå no av vil bli kortare. (kilde:Wikipedia)

Publisert: 21. juni 2015, 11:03