Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag er det vårjamdøgn – godt at det vårast no!

Jon Olav Ørsal Fredag 20. mars 2020

Eit skikkeleg vårteikn er det nok i seg sjølv at vi er komne fram til vårjamdøgn for 2020. Det betyr at det er det døgnet når natta og dagen er like lang – og det er den faktisk over heile verda. Vanlegvis er vårjamdøgn den 21. mars, men i år er det i dag den 20. mars og det nøyaktige tidspunktet er kl. 03:50 UTC.

Etter at vi har lagt vårjamdøgn attom oss så blir altså dagen lengre og natta kortare på den nordlege halvkula – dag for dag fram mot sommaren og til sola snur mot vinter igjen den 20. juni kl. 21:44 UTC.

Dersom du vil lese meir om temaet kan du klikke deg vidare til wikipedia!

Publisert: 20. mars 2020, 07:29