Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I år blir det juletrefest igjen – i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2015

6. juledag blir det juletrefest i Ungdomshuset. Da er juletreet på plass, og det blir både julesongar og gang rundt juletreet både for store og små, melder Knut Bergli i Todalen idrettslag. Han fortel vidare at det blir servering av saft, kaffe og julekaker – og kanskje kjem også nissen og har med seg nokre gåveposer til dei minste?
Todalen idrettslag ønskjer alle velkomne til juletrefesta i Ungdomshuset – vi kjem med meir info seinare om tidspunkt etc.

Publisert: 1. desember 2015, 21:26