Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hytte til salgs

Elinor Bolme Laurdag 16. juni 2018

Ovanfor Ramsøya ligg ei lita hytte ved navn Charlottenlund som no er til salgs. Hytta vart oppsett først på 70-talet og er på ca 30 kvm. Ho inneheld eit hoved opphaldsrom og eit soverom og ligg landleg og roleg til på nordsida av Toåa. Hytta var opprinneleg ein del av Lykkjå, men har vorte utskilt med eiga tomt på 4 mål dei seinare åra. 

Hildegunn Stengel er selgar, og ho fortel at dei no ønsker å selje den til nokon som kan bruke den meir enn dei. Alt av inventar følgjer med, og heile hytta var nybeisa i fjor sommar, samt at takrenner på eine sida har vorte skift ut. Varmekjelda er vedfyring, og det er pr i dag litt ved på eigen grunn, men med dagens attgroing er det nok ikkje problem å få hogge ved i nærområdet trur Hildegunn.

Hytta har ikkje innlagt vatn eller toalett, men har eit utedo nedanfor, så potensialet for vidareutvikling er stort for den som kan vere interessert. Vegen er oppbrøytt forbi på vinters tid, og med enkle grep er det mulegheit for innlagt strøm.

Ved inngangen er kjøkkenkroken med gasskjøleskåp. Vatn er frå eige oppkom, og kan pumpast inn i hytta.

Sofakroken med jøtulomn til venstre (som ikkje vart med på bildet). Soverom til høgre, med fire sengeplassar.

Spiseplass med god plass til både fire og seks mann til bords.

Hytta står på eiga tomt på heile 4 mål rett ved fiskeelva Toåa. Tomta har ikkje eige fiskerett, men utsikta frå den vesle verandaen er det ikkje noko å klage over.

Er du interessert i å komme å sjå, eller å vite meir er det berre å ta kontakt med Hildegunn Stengel på telefon 480 32 508.

 

Publisert: 16. juni 2018, 21:21